Musikk

MUSIKK

 

Jæren kammerkor er eit blandakor som for det meste syng songar til bruk i kyrkja. Vi har dokumentert nokre av våre beste framføringar på CD. Desse er tilgjengelege for kjøp ved ein av våre konsertar.

 

 

No koma Guds englar

Vår Jule CD

Denne jule-CDen innheld repertoar frå koret sine årlege julekonsertar i lokale kyrkjer. Tre av songane er ikke tidlegare gitt ut på norsk, nemlig Steinar Eielsen/Arne Kildal: Stille faller det sne, Hva er det som hender og Kom alle hyrder. Tittelmelodien No koma Guds englar, arr. Trond Kverno, er eit bestillingsarrangement frå Ingunn Bjorland og NRKs Jentekor i 1986. Det er Kverno sine handskrivne noter som ligg som dekor i tekstheftet.

 

 

I tillegg til kor og dirigent Ingunn Bjorland, medverkar Håkon Bjorland Hansen (Baryton /piano), Ranveig Leseth (Sopran), Ingvar Lygren (Piano/orgel) og Lars Ole Bergersen (Fiolin).

Det strøymer ei livselv av lukke

Tekstar av Trygve Bjerkrheim

Jæren kammerkor har tinga ei ny kantate med tekstar av Trygve Bjerkrheim. Kantata, som har fått namnet "Det strøymer ei livselv av lukke!", inneheld saman med tittelsongen fleire kjende songar, mellom anna "Det er makt i de foldede hender" og "Han tek ikkje glansen av livet". Komponisten Sigvald Tveit har laga arrangement til nokre velkjende melodiar, og også komponert fleire nye melodiar, både til kjende og meir ukjende songar og dikt.Solist på plata er den svenske songaren Lage Wedin. Elles medverkar Ingvar Lygren på piano og Lars Ole Bergersen på fiolin.

Blott en dag

 

Tekstar av Lina Sandell

'Blott en dag' inneheld 14 av dei mest kjende og vakraste songane av den svenske songforfattaren Lina Sandell. Sigvald Tveit har arrangert songane. Solistar på plata er Lage Wedin, Marianne Lygren og Solveig Bergersen. Elles medverkar Ingvar Lygren på piano og Lars Ole Bergersen på fiolin.

Jæren kammerkor © 2013-2018